Arkivert under: Samferdsel
Sidan eg er ganske heimekjær hender at eg er å finne på vegen mellom Trondheim og Batnfjorden. Det finst mange vegar ein kan velge mellom, men eg køyrer som oftast E39. Sist eg cruisa langs nye E39 langs Vinjefjorden fann eg plutseleg ut kva som bør bli den nye kampsaka mi. Nemleg gulstripe!
På veg til Trondheim denne søndagskvelden vart det mørkare og mørkare, og eg måtte faktisk for første gong på med langlysa i nybilen. Det er ikkje tvil om at det er meir behageleg å køyre i dagslys, ikkje minst på vegar som er så smale at ein ikkje kan måle gulstripe på dei. E39 er kyststamvegen i Noreg, og det skulle berre mangle at kyststamvegen er så brei at det går an for to normale køyrety å møtast.
På Austlandet klagar dei over at dei ikkje har firefeltsveg rundt omkring. No skal eg byrje å syte over manglande gulstripe. Det må da vel vere eit minstemål at ein skal ha gulstripe på alle europavegane i Noreg! Ikkje minst når ein tenkjer på trafikktryggleiken er dette viktig. Den som ferdast på vegen er mykje tryggare dersom ein har ei vegmerking å sjå etter når ein møter bil, heller enn at ein må sikte på opninga mellom møtande bil og grøftekanten og håpe at det går? For ikkje å snakke om dei som dristar seg inn på hovudvegen til fots eller på sykkel. Dei må helst hoppe ut i grøfta dersom det kjem bilar i begge retningar, dersom dei vil vere sikre på å kome frå det med livet i behald.
På E39 og på mange av dei andre hovudvegane i Noreg er det stor tungtrafikk. Dei som køyrer lastebil har ofte heile yrkeslivet sitt på vegen, og siktar stadig på opninga mellom speil og brøytestikker. Er dette godt arbeidsmiljø? Og så dei stakkar tyske bobilturistane då! Ein kan jo irritere seg over at dei ligg midt i vegen og ikkje flyttar seg unna når det kjem bil, men ein kan no eigentleg forstå dei og. Dei er vel vant til at vegskuldra på vegane heime er like brei som europavegane vi har her i Noreg.
Store delar vegane på stamvegnettet i Noreg er sjølvsagt breie og fine. Men det er ikke greitt å ha desse flaskehalsane utan gulstripe spreidd rundt omkring fordi. Mitt innspel til ny nasjonal transportplan (NTP) er at staten må setje seg som mål at alle riksvegar skal utvidast slik at det er plass til eitt køyrefelt i kvar retning. Det skulle då jammen berre mangle?
Kommenter innlegget så langt
Kommenter innlegget

